top of page
474890840_17921820195018628_8650177376528467023_n_edited.jpg
_edited.jpg

Nordihågå
Gardsyoga

Draumen, prosjektet og målet

Sjuogtredve mil nordover, litt aust og oppover, ligg Nordre Sandneshagen – ein liten fjellgard under himmelkvelvingen i det unike og høgst levande kulturlandskapet i Nordherad i fjellbygda Vågå.

 

Fritt for vær og vind, nett der morgonsola renn opp over Vågåvatnet og Jotunheimen, bur yogainstruktør Nina og fjellfant Jo i lag med deira hund og katt, sauer og trufast hest. Her finn du og historiske og nyrenoverte Annastugu - spektaktulært yogastudio og husly under same tak.

​​

Velkomen!

Finn vegen hit

Nordihaga Gardsyoga
Øvre Nordheradsveg 870
2680 Vågå

E-post: ninaopha@gmail.com

Tlf: 977 50 049

the (6).png

Det er den draumen vi bur i...

...som vi ynskjer å dele med deg.

Samvær og yogaøkter for den store minneboka.

Sjarmerande gardsliv

Spretne husdyr

Stuttgåtte eventyr

Sjelefred for alle sansar

Spektakulært kulturlandskap

Storslått fjellheim

​

Unn deg ei eventyrleg oppdagingsferd i deg sjølv og fjellbygda Vågå - i tett kontakt med livet og naturen i eitt av dei vakraste kulturlandskapa i Fjell-Noreg. Vi byr deg velvære for alle sansar. Namaste!

Vertskapet i Nordihågå

Nina Ophaug

Yogabudeie​

​

  • Sertifisert yogainstruktør

  • Busett på småbruket Nordigard Sandneshagen i Nordherad med familie, hest og sau

  • Tidlegare rektor som nå byggjer opp garden og setra for gardsturisme tufta på yoga og nærkontakt med husdyr og levande kulturhistorie

  • Yoga med budeia? Sjekk ut!

WE1TmvUI.jpg
372151300_693275175949289_425898700772641124_n.jpg

Jo Øien

Småbrukar og fjellfant​

​

  • Småbrukar og sauebonde med sans for gardsdrift på tradisjonelt og manuelt vis - einaste i sitt slag!

  • Busett og godt gift på småbruket Nordigard Sandneshagen

  • Pensjonert politimann med mange idear om å videreutvikle garden med tradisjonsrike gardsakvititeter som tilleggsnæring.

  • Yoga med Jo? Sjekk ut Joga!

Vil du vere med på yoga eller gardseventyret, så heng på!

  • Facebook
  • Instagram
image00020.jpeg

Nordihågå Gardsyoga

  • Instagram
  • alt.text.label.Facebook

©2025 av Nordihågå Gardsyoga. Nettsida er 100 % lågå i Vågå av Gull & Gråstein

bottom of page