
Yogaøktene
Låge skuldre. Høg kvalitet. Ekte trivsel. Slik er ei økt hathayoga med Nina i yogalåven på setra eller yogastallen på Gammel-Kleppe.

Opplegget
Sertifisert yogainstruktør Nina Ophaug tek i mot gjestar til yoga kvar veke. Du kan velje mellom gruppeøkter over fleire veker eller drop-in økter på halvannan time. Alle yogaøktene er sett opp til faste tidspunkt og må bookast her på nettsida. Maks åtte deltakarar.
Yogaen
Hatha yoga kombinerar det beste frå to verdenar. Gjennom hathayoga med fysisk røyrsle, pusteteknikkar og avkopling i etterkant, ligg alt til rette for å finne balanse og overskot.


Yogautstyret
Utstyr treng du ikkje tenke på - vi held matte, kloss og pute til deg som ikkje har.
Samveret
Etter ei god yogaøkt koplar vi av med heimebakt kjeks og nytrekt te - mjukare landing skal du leite lenge etter.


Booking
Yogaøktene er sett opp på faste tidspunkt. Finn di økt og book time her på nettsida. Online og enkelt for maks åtte deltakarar per økt.