Yinyoga | Drop-in
Tysdagar veke 36 - 40
Tjenestebeskrivelse
På tysdagar i veke 36 - 40 blir det mjuk og roleg yinyoga kl 18:30 - 20:00 i Annastugu. Yinyoga inneheld fysiske øvingar (asanas), pusteøvingar, avspenning og meditasjon. Yogaøktene har fokus på tøying av kroppen og restitusjon. Yinyoga er ein bindevevsstrekk, ein strekk i kroppen sin fascie i staden for musklane. Dette er passive øvingar med ein lett mjuk strekk. Vi held kvar stilling i 3-5 minutt. Yinyoga gjev fleire fordelar, både fysisk og mentalt. Yogaen aukar fleksibilitet og mobilitet ved å strekke bindevev,ledd og leddband, betrar leddhelsa og kan redusere stivheit og smerter. Mentalt kan yinyoga redusere stress og uro. Praksisen er avslappande og stimulerer energiflyten i kroppen. Passar for alle. Kle deg i behagelege klede. Ta gjerne med eit lite handkle og drikkeflaske. Kom i behagelege klede - alt anna utstyr er her. Økta varar i 90 minutt,og det blir servert te og litt snacks etterpå. Etter praksisen blir servert ein god kopp te for den som har anledning til det. Pris pr økt: 250,- Velkomen🍂
Kommende økter
Kontaktinformasjon
Øvre Nordheradsvegen 870, Vågå, Norway
977 50 049
ninaopha@gmail.com
